søndag 9. mai 2010

9.mai Sjamping og sluddbyer atter ein gong

Atter ei helg er omme. Det skulle vere den helga vi skulle legge ned glvbelegget og bli feridge med golvet. Men diverre var golvbelegget ikkje komt. På laurdag fekk vi besøk av Tryggve, Petter, Anne, Vetle og Johann. Det skulle vere den fine sola og varmt. Jammen sa eg smør!.Det var ein kald nordavind, så vi var glade for at vi kunne sitje inne i hus og ha det godt og varmt.
Det er kjekt på "Sjamping"
Vi feira dagen til Espen atter ein gong, men diverse godsaker frå Bakern
Til slutt trossa vi veret og grilla nydeleg mat i grillbua. Sjølv om vi fyrte i peisen vart det kaldt og utriveleg, så vi gjekk i hus. Her må det investerast i terassevarmarar( høyrer du Rune K)
Søndagen brukte vi vi å vaske transportstøv av huset innvendig, og vindu utvendig. Vi er på plass att onsdag, då må vel golvet vere komt. Fredag køyrer vi til Bergen og Ikea og shoppar det vi måtte trenge. Ein tur innom sentrum for å hente litt "pø" hjå Stine som skal heim før sommaren skal vi og før vi vender nasa heim med bilen full av diverse.Eg vonar eg får plass i bilen, må vel sitje med beina opp under haka kanskje?Jaja eg har ikkje verdens lengste bein, men dei rekk akkurat ned til bakken. Ha ei fin veke

Ingen kommentarer:

Etiketter