onsdag 7. juli 2010

Det går mot ferietid

Då er det omlag ferie, skal berre tilbringe dagen på SSF på diverse kontrollar i mårå. Klaregjere skrotten må til når ein går mot nye høgder ang alder. Kan elles nemne at eg IKKJE er heime på tysdag, men ombord i Color Majesty på veg til Kiel.Skal tenke på dykk når eg ligg på Spa. Deretter går turen til København. Der har eg ikkje vore sidan eg ung og vakker reiste på Interrail tidleg på 80 talet. Vi loffar oss tilbake til Sandane etter kvart. Vi vonar på gode varme dagar,slik at vi kan nye livet. Det blir nok ein sykkletur i ny og ne,rallarvegen er ein av planane. Så får vi vurdere Tour de France neste år. Den gule ledertrøya heng klar i kjellaren. Må nok øve med på spurten, for der er Hushoven betre. Då seier eg berre Hasta la vista og GOD SOMAR!!!

Ingen kommentarer:

Etiketter