Gode campingvener vart innvitert for å feire min og Espen sin 50 års dag. Grillen var fint pynta. Vi starta med kaker og kaffi. Så slo vi til med havets fest bord, med Knutholmenreker, krabbe og kreps. Takk til Jon/Solveig og Helene/Sverre for krabbe og kreps.Takk og til Berit for den gode pasta/kyllingsalaten. Alt smakte fortreffeleg. Festen vart utruleg hyggeleg og fin. Takk til alle gjester.De var flinke å synge, spele bingo, ete og drikke. Vi ventar på neste fest med spenning, for då er vi gjestar(LOL)
Kva som skjedde innom desse veggane forblir gjestane si hemmelegheit.
Dagen derpå hadde vi ein fin resteskalldyrsfest ute i det fri.
(Dei som hadde lyst på mat då.)
SÅ MÅ VI TAKKE FOR MANGE FINE GÅVER.
Mh Aud Marit og Espen
SÅ MÅ VI TAKKE FOR MANGE FINE GÅVER.
Mh Aud Marit og Espen









1 kommentar:
Det var ein fin fest. Takk skal de ha. Denne blir det vanskelig å toppe :-)
Legg inn en kommentar