Det har vore travle dagar sidan sist blogginnlegg. Politiske møter, arbeidsmøter, kurs, justering av heimen og ikkje minst Sirkus Bremanger som var sist helg. Må berre beklage til alle dykk som ikkje fekk delta. Eg spelte i ein sketsj frå legekontoret på Hauge. Skulle sjeke om eg var gravid men kom aldri inn til legen, så eg får leve i uvissa. Det er forresten lite som tyder på det. Inn i mellom fekk vi laga ca 140 lefser i husflidstova som skal selgast på messa. Vi var mange som deltok så det gjekk bra fort. Så tok eg endeleg meg tid til å sy nye gardiner i stova og fått dei opp. Neste prosjekt er å kaste ut steinalderkaminen. Den er rimeleg tung så må planlegge "utkastinga"nøye. Får satse på demontering. Deretter må brannmuren malast, taklister opp og ikkje minst henge på plass bildene.Alt som ikkje er blitt gjort til 1 des, får vente til nyåret. Desember skal "nytast" på andre måtar.
Det går på fram. Kjekt å få opp gardinene så ein slepp å høyre klangen av si eiga stemme.
3 kommentarer:
Steikje fine gardiner, ja.
Det blei kjempefint med dei gardinene! :)
Ja no er det berre resten igjen, bilder, male brannmuren, kaste ut kaminen, få opp lister, men lenge til vi blir 60 år.
Legg inn en kommentar