Vi tok oss ein tur til Sandane for å sjekke hus og vogn. Det var rimeleg kaldt når vi kom(-9). TB hadde sett på varmen så det var ikkje ishus. Etter kvart vart det godt å sitje innomhus og kose seg med tv og godt drikke. Det var stille på plassen, på nordsida var det lys i 4 vogner. Laurdag var det berre lys i to. På Sørsida var det nokre hardbarka vintercamparar og. Det vart litt handlings på Sandane, samt at sykkelen var ferdig reparert. Den vart trygt plassert innomhus til våren kjem.Laurdagen var roleg og fin. Rusla meg ein tur ikledd ull og varmedress og tok ein del bileter med lommekameraet mitt. Elels vart det ei skikkeleg strikke helg.(på meg altså)













1 kommentar:
Kaaalde bileter. Ser fram til våren og mildare vær.
Legg inn en kommentar