måndag 16. juli 2007

"Vi er hobbysvenskar"



På ein fin dag med sol og 21 grader kom vi til Lidkøping. Her er det smekkfullt på campingen, men våre gode venner frå Møre hadde reservert ein plass til oss, og takk for det!!!!!!!Elles kunne det lett bli ei natt i bushen igjen.Her kan de sjå frå leiren vår. Naboar der og her. Ja, ja det går veldig greit(trur vi?)Vi sender ei helsing til familie og anna slekt og vener. Vi har det fint. Hej då!!

Villmarkscamping


Etter 8 t på landevegen måtte vi jammen villcampe. Vi fann ikkje in einaste høveleg campingplass før sola gjekk ned. Vi kryssa derfor svinesundbrua, med tanke på å stille oss i utkanten ved Nordberg kjøpesenter. Fint og lyst var der, men brått stod ein securitas bil ved sida vår.: " Her får ni inte stå og campa ", Truleg ein nyudanna sjetunge etter vår meinig. Uskuldige som nokre lam sa vi: nei det har vi ikkje tenkt heller, vi skulle berre sjekke om Mc Donalds var open . Det var berre å fortsetje vidare, etter ca 10 fann vi ein rasteplass der fleire hadde teke natt. Der stod vi. Eg var ikkje høg i hatten, med alle mine fantasiar om alt som kunne skje. Vei plyndring med meir.... Vi vakna med livet i behald, og alle våre eigenlutar inntakte.

"Hallo i moderlandet"



Det tok si tid før det kom ein vetig campingplass med ope nettverk. Eller grunnen er egentleg at de skulle få tid til å sakne oss?Først lyt vi vise bilete frå vår provisoriske fjellcamp på Stynefjellet. 9 grader og regn 900 moh går vel akkurat utan straum.

Hytta er Knut og Sissel si, dvs jubilantane og grunnen til at vi var på Grotli.Bilde frå festen blir ikkje lagt ut her.

fredag 13. juli 2007

Helsing frå Dønfoss.




Hallo folks and andre.Vi stod opp fleire timar enn vanleg idag, og kom oss opp kyrastien frå Geiranger. Det var venta inn 4 cruiseskip idag, vi såg høve til å stikke av før vi vart overmanna. Det var lite trafikk så det vart en fin tur over fjellet. Vi stogga på Grotli hotell der mannjen min spanderte frukostbuffe i høve bursdagen. Kva skal dette ende, (middag, kake, kvelds, etc? ) Vi har no funne oss ein fin plass på Dønfoss. Det vert fram og tilbake sidan vi skal tilbake til Grotli på 120 års bursdagsfest i mårå. Men her møtte vi ei bygd fri for regn (enn så lenge)(Og internett), slik at vi kan oppdatere reiseruta vår for andre nyskjerrige. Sender med nokre bilete slik at de ikkje gløymer oss. Klems frå AM og E

torsdag 12. juli 2007

Ny rapport frå Geiranger.




Ja her vart vi verande som de ser.Meininga var å køyre over til Lom i kveld,men no utset vi det til i mårå kveld. Det har ikkje vore så gale regn før NO (kl 1800)No ausar det ned frå sky att. Ka gale har vi gjort? Vi har luffa kring i Geiranger saman med omlag 5000 andre som er her og. Butikkane er fulle av troll og anna snadder som er tiltenkt turistar og ikkje trauste nordmenn som vi. Båtrafikken var ikkje så stor, Adriane og hutigruta som de ser. Vi hadde elles visit av fam frå Mo som skulle køyre over til Grotli. JA, JA kjem dei over så gjer vi det og. Då blir neste rapport, når vi kjem på nett neste gang. Regnleg helsing frå Geiranger. AM og E

Rapport frå Geiranger

Vi køyrde frå Åndalsnes via Linge/Eidsdalen, og ned Ørnesvingane. La det vere sagt, vi har prøvd det og lar det bli med det. Men det var ei fantastisk utsikt som de ser på første bilete. Det lukta svidd kløtsj og pynteknottar. Men vi kom ned og fann oss plass på Geiranger Camping, vi fekk opp den nyinnkjøpte markisa på 440. Elles var vi omlag 3 cm frå å kjøpe ny vogn. Ei Belcanto Nordic 700. Tilbodet var meir enn godt. Graabergen sat til slutt i bilen og tilbydde oss både tv eller anna vi hadde lyst på. Fornuften seira og vi forlot Åndalsnes med vår Knaus 580 Royale i behold. Det siste bilete er av Cruisebåten Costa Atlantica som låg her når vi kom.



måndag 9. juli 2007

Etiketter