søndag 4. november 2007

Årets domar


Jau då. Thor Kristian fekk i helga stauetten Årets domar. Og vi gratulerer og seier vel fortjent.

Les meir her
(Bildet er frå Stif- sida.)

Bergenhelg


Så var vi komt heim frå ei helg i sus og dus i Bydn. God mat og drikke, og ikkje minst to fantastiske show på Ole Bull og i Grieghallen. Det er berre å ta av seg hatten for denne dama her. Eit fyrverkeri med energi som ein kan misunne ho. Team Ecbo var og ei god oppleving. Så no er vi godt kulturelt metta for ein periode. Dei som ynskjer meir referat "from Børgen" får ta kontakt.

fredag 26. oktober 2007

Måne


Månen var ekstra stor og lysande i kveld. Det er ikkje enkelt å halde kamera i ro, når ein står inntulla i "kvetele"og frys. Eg lyt ynskje meg eit stativ til kameraet til jul. Dermed er det sagt.

søndag 21. oktober 2007



Denne helga skulle Bremangerdamelaget spele mot Klepp, Diverre var desse eit hakk betre og reiste heim med 5-1 seier- Masse flotte bilder her.

Etterpå reiste vi til Kalvåg og åt breiflabbmiddag på Knutholmen. Vi fekk og tid til ein liten "kikk" på hytta til fam. V på Novelandet. Det går på fram...Den blir flott.

søndag 14. oktober 2007

Jurmala

Vi hadde ein dagstur til Jurmala. Dette er favorittferiestaden for befolkninga i Riga om sommaren. Folk kan stå i kø i omlag to timar for å komme fram.Den kvite sandstranda er nesten 20 km lang. Det var bygd mange nye flotte hus av pengesterke personar. Men det unike landskapet var vansira av dei forfalne bygningane frå kommunisttida.I Jurmala finnst det over tjue kurstadar som tilbyr gytjebad og ei rekkje andre helsebringane behandlingar(t.d SPA). Diverre var alt fullt denne dagen. Men eg fekk SPA inne i Riga til den nette sum av kr 300 for ein heil time, og det er billeg. OG GU HJELPE MEG så godt det var, eg kunne ha gjort det kvar dag. Omlag 90% av kundrekretsen deira var norske turistar.


KM-meistrar på heimebane
BREMANGER: Bremanger-damene låg under 0-2 etter 50 minutt, men i ein dramatisk andre-omgang snudde dei kampen, og med resultatet 3-2 sikra dei seg KM-pokalen og kvalifisering til 2. divisjon. GRATULERER DAMER!!!!!!!!!!!!!!!!
Elles var det vel nokre som tvilte på Espen når han kom med den lekre dameveska? skeptisk!

fredag 12. oktober 2007

Operahuset

Ved sidan av Frihetsmonumentet ligg Rigas Stolthet: Det nasjonale operahuset med tilhøyrande parkanlegg.Det heitte ein gong i tida Det tyske teateret, og var den føste bygninga i Riga som fekk lagt inn elektrisitet(1887).Nymfefontenen og parkanlegget vart skapt året etter. Det var diverre ikkje bilettar å oppdrive til operaen medan vi var der. Men, kanskje neste gong? Frå hotellvinduet mitt såg eg rett over til operahuset og leika meg med superzoomen på kameraet.


Etiketter