søndag 11. november 2007

Vinterlagringsdagen 2007



Jau så menn. I dag skulle vere dagen då vi skulle få vogna i hus. Men så krangla vêrgudane seg til eit skikkeleg skitver, med regn og tung snø. Espen vurderte vegen opp til Rygg som noko urven. Jau. Stig vi har X- trail men kva hjelpe det i ditta føret. Espen og Torbjørn reiv teltet. Fotoseansen ser de her. Så får vi vone at vêrgudane tenkjer meir på oss uti veka, og let oss få Knaus Royalen opp til Rygg. Så kan vi sitje heime og sleppe og otte oss for regn, storm, tung snø og det som måtte komme. SÅ DET SÅ!!!!!! Positive tankar hjelper på, så ditta går bra.

fredag 9. november 2007

Julekortproduksjon

solgte


Ja, dette er ein god start. Grunna krystallsykja lyt eg ta dette i korte økter, men det ein vil får ein til.

Scrapperier

Ja, så er enno ei veke omme. "Snøven" dukka opp til glede for nokon og irritasjon for andre. Dette viser at campingsesongen før oss sommarfrikarane er omme. Haustekveldane er tid for scrapperier, og eg fann eit brudebilete av mine foreldre som eg ville prøve meg på. Sånn såg brudefolkjet i 1950.

søndag 4. november 2007

Årets domar


Jau då. Thor Kristian fekk i helga stauetten Årets domar. Og vi gratulerer og seier vel fortjent.

Les meir her
(Bildet er frå Stif- sida.)

Bergenhelg


Så var vi komt heim frå ei helg i sus og dus i Bydn. God mat og drikke, og ikkje minst to fantastiske show på Ole Bull og i Grieghallen. Det er berre å ta av seg hatten for denne dama her. Eit fyrverkeri med energi som ein kan misunne ho. Team Ecbo var og ei god oppleving. Så no er vi godt kulturelt metta for ein periode. Dei som ynskjer meir referat "from Børgen" får ta kontakt.

fredag 26. oktober 2007

Måne


Månen var ekstra stor og lysande i kveld. Det er ikkje enkelt å halde kamera i ro, når ein står inntulla i "kvetele"og frys. Eg lyt ynskje meg eit stativ til kameraet til jul. Dermed er det sagt.

søndag 21. oktober 2007



Denne helga skulle Bremangerdamelaget spele mot Klepp, Diverre var desse eit hakk betre og reiste heim med 5-1 seier- Masse flotte bilder her.

Etterpå reiste vi til Kalvåg og åt breiflabbmiddag på Knutholmen. Vi fekk og tid til ein liten "kikk" på hytta til fam. V på Novelandet. Det går på fram...Den blir flott.

Etiketter