fredag 12. oktober 2007

Bygningar i Riga

Vi fekk sjå mange flotte byggverk både i gamle og nyebyen av Riga. Eit av desse var den ortodokse katedralen(fullført i 1884). Eg var faktisk inne to gonger. Det var ei fasinerande oppleving og steming med levande lys, krossing, kyssing av bilete, lukt og ulike mennesker. Det var ubegripeleg stille. Det var diverre ikkje lov å ta bilete inne i katedralen, desse måtte kjøpast i butikken som var ved inngangen. Ute sat tiggarane time for time og dag etter dag. Eg la merke til ei gamal dame som sat der kvar dag eg gjekk forbi. Siste dagen samla eg saman alle småpengane eg hadde, og gav ho. Ho lyste som ei sol. Det var omlag 3 lat som tilsvarer 30 norske kroner. Pensjonen er ca 950 kr i månaden. 90 % av dette går til buutgifter, straum og gass. Då vart sikkert 30 kr mykje for ho.


Dagens dose bilder frå RIGA



Bilda syner Frihetsmonumentet. Denne har fått status som nasjonalhelligdom, og det blir lagt blomar ved foten av monumentet kvar dag.På toppen står Mor Latvia som held tre gullstjerner som representerer dei historiske regionane i landet. Foran på monumentet står den enkle inskripsjonen"For fedrelandet og friheten". Den høge bygninga bak er Reval Hotel Latvia. Ein tur opp til Skyline Bar i 26 etasje er eit must for alle som besøkjer byen. Det tok vi til fylgje. Ein fantastisk utsikt over byen både med og utan klårt syn.












torsdag 11. oktober 2007

Rigaturen 5- 9. oktober

Då var eg tilbake i Norje etter ein fantastisk tur i den baltiske byen Riga. Eg har idag vore i Ørsta på service med bilen. Etterpå var det kiropraktorbesøk på Eid. Der vart eg testa angåande krystallsykja. "Har ein del krystall oppi haude til salgs så berre legg inn bestilling"
Fekk forbud mot data idag, men det er sååååå vanskeleg. Men ein kort bildeserie frå den guida gåturen i gamlebyen skal de få. Tema var den arktitektoriske stilen.







tysdag 2. oktober 2007

Hausttur til Omvendeskaret på Nesbø.

Den årlege haustturen til småskulen vart gjennomført 2.oktober i eit praktfullt ver. Det var lange bakkar oppover(stairways to heaven)i over 1 time. Eg er no litt imponert både av meg sjølv, og dei mange små kroppane med store tunge sekkar. Men alle kom opp, og vi hadde ein kjempeflott tur.


Opp alle bakkane!!!!!!!!!!
Ingvild tek ein rast.
På veg nedatt

laurdag 22. september 2007

Helgamodus


Ja, denne helga skulle vi liksom vere heime og slappe av i regnet, men så stakk Espen til Sandane for å ta ned teltet. Brått kom det noko lys på himmelen som liknar mistenkjeleg på sola. Det var nok den som laga den fine regnbogen. Den var faktisk dobbel sjølv og det er vanskeleg å sjå på biletet. Ja, veret kan vi ikkje gjer noko med, men lat oss vere positive og seie at det er i det miste stabilt. Ha ei fin "alje".

søndag 16. september 2007

Campingbesøk


Trass i eit elendig ver, reiste vi til campingvogna på Sandane. Vinden reiv og sleit i både telt og vogn natt til laurdag, men vi har tydeleg bolta godt. Vi har og tydleg godt med last inn vogna og. Laurdag fann vi kjendtfolk på Sandane, som kom på besøk "til dei er fadrane dine Teodor" som Kasper kallar oss. Det vart eit fint besøk av to karar som er sponsa av Durasell batteri. "som virker og virker". Men kanskje litt cola gjorde susen og. Elles ville dei smake på det vi hadde av mat, men det er kjekt at "bånjå" har næringsvett. Takk for besøket alle fire. Dei ville no komme att til sommaren, når Rune har fylt meir vatn i bassenget.

tysdag 4. september 2007

Min 6 års dag


Her ser de eit skikkeleg brusgrep. Bilde er noko skada, men du verden for eit minne. Det var alltid fint ver om sommaren i "gamle dagar". Burdagen min vart som regel feira ute i det fri. Det var standard med zimba kjeks og perle og bruse brus. Og så mamma si sjokoladekake då. Leikeins var håret fulldekka med stor silkesløyfe, og du verden for eit miniskjørt, ikkje rart vi MÅTTE gå med strømpebukse. Den som måtte lure: eg er nr 2 frå venstre.

Etiketter