fredag 24. juli 2009
onsdag 22. juli 2009
Turistar i Gøteborg
Vi fekk to heile dagar i Gøteborg. Vi budde på Åby Krono Camping. Vi reiste med buss og sporvogn det meste av tida. Bilen stod faktisk i ro, og det kan no vere greit i ein stressete by.
Vi reiste med Paddan som faktisk er 70 år i år. Som vanleg tek vi og guida turbuss. Elles vandra vi fram/tilbake/fram/tilbake i handlesenter med meir.Det kom nokre "sulige"ettermiddagsbyer på måndag.Men tysdag var det bra men ein noko sur vind. Onsdag reiste vi til Lagunen Camping i Strømstad,
Vi reiste med Paddan som faktisk er 70 år i år. Som vanleg tek vi og guida turbuss. Elles vandra vi fram/tilbake/fram/tilbake i handlesenter med meir.Det kom nokre "sulige"ettermiddagsbyer på måndag.Men tysdag var det bra men ein noko sur vind. Onsdag reiste vi til Lagunen Camping i Strømstad,
søndag 19. juli 2009
Bilder frå veke 29
Det gode liv i Lidkøping
fredag 17. juli 2009
Reisebrev
Ja får prøve igjen, hadde skrive ein lang epistel så forsvann eg ut av "dinnja" internetverda igjen. Det er så håplaust nettverk på nokre svenske sjamingplassane at det er ei skam. Bilde gidd eg ikkje styre med no, eg er vel meir glad for å skrive før eg dett ut igjen. Andre reisedag køyrde vi ca 52 mil og enda opp i Karlstad. Der vart vi verande i 2 døgn, sjølv om marka var så blaut at det skvulpa når vi gjekk. Her møtte vi og fam Råheim. Så begynnte vi den store ringerunden etter plass her og der. Merkeleg kor fullt det skulle vere akkurat der vi ville vere og. Bannar på at det er ein "tyl" som ringer som bestiller 50 plassar og tek berre ein. Vi enda opp i Kumla og Djupdalsbadet camping. Her var det ikkje så vått men vi vart utan el i 2 døgn. Det går akkurat men, då var det slutt. Badeanlegget var veldig bra, men sanitæranlegget får ingen terningkast. Det kom merkeleg nok ein blå caravelle og ei Knaus 780 og. Jau Råheimen igjen. Turen skulle gå vidare og forske ut nye stadar, men akk nokon hadde tukla med Tom Tom en og vi enda nok ein gang i Lidkøping. Her hadde vi ikkje garanti med plass med el, men då dei såg oss ordna det seg. Sånn er det når ein legg heile sjela si inn og skrur på full sjarm. Vi overtok omlag nøklane når nokon sjekka ut. Vi fekk el (LES STRAUM)og var steikje glad for det. Her blir vi nokre dagar, før vi set kursen mot Gøteborg. Vi er spente på om Paddan går enno, då blir det truleg ein tur med den. Etter det tek vi ferja Strømstad- Sandefjord, og køyrer kysten via Sørlandet/Rogaland/Hordaland og back to Sandane. No gir eg meg før eg dett ut igjen. Vi har det bra alle som lurer på det. HADI!
laurdag 11. juli 2009
Første reisedag
fredag 10. juli 2009
Nokon har gult hår, nokon gullhår
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Etiketter
- Scrapperier (97)
- Sandane (70)
- Turar (60)
- Heime (59)
- Familie (43)
- Snikksnakk (32)
- Ferien 2007 (25)
- Ferien 2009 (13)
- FERIEN 2008 (4)
- Ferien 2010 (2)
- Prahaturen juni 2010 (2)












































