fredag 17. juli 2009

Reisebrev

Ja får prøve igjen, hadde skrive ein lang epistel så forsvann eg ut av "dinnja" internetverda igjen. Det er så håplaust nettverk på nokre svenske sjamingplassane at det er ei skam. Bilde gidd eg ikkje styre med no, eg er vel meir glad for å skrive før eg dett ut igjen. Andre reisedag køyrde vi ca 52 mil og enda opp i Karlstad. Der vart vi verande i 2 døgn, sjølv om marka var så blaut at det skvulpa når vi gjekk. Her møtte vi og fam Råheim. Så begynnte vi den store ringerunden etter plass her og der. Merkeleg kor fullt det skulle vere akkurat der vi ville vere og. Bannar på at det er ein "tyl" som ringer som bestiller 50 plassar og tek berre ein. Vi enda opp i Kumla og Djupdalsbadet camping. Her var det ikkje så vått men vi vart utan el i 2 døgn. Det går akkurat men, då var det slutt. Badeanlegget var veldig bra, men sanitæranlegget får ingen terningkast. Det kom merkeleg nok ein blå caravelle og ei Knaus 780 og. Jau Råheimen igjen. Turen skulle gå vidare og forske ut nye stadar, men akk nokon hadde tukla med Tom Tom en og vi enda nok ein gang i Lidkøping. Her hadde vi ikkje garanti med plass med el, men då dei såg oss ordna det seg. Sånn er det når ein legg heile sjela si inn og skrur på full sjarm. Vi overtok omlag nøklane når nokon sjekka ut. Vi fekk el (LES STRAUM)og var steikje glad for det. Her blir vi nokre dagar, før vi set kursen mot Gøteborg. Vi er spente på om Paddan går enno, då blir det truleg ein tur med den. Etter det tek vi ferja Strømstad- Sandefjord, og køyrer kysten via Sørlandet/Rogaland/Hordaland og back to Sandane. No gir eg meg før eg dett ut igjen. Vi har det bra alle som lurer på det. HADI!

Ingen kommentarer:

Etiketter