måndag 23. juli 2007

Oppskrift?????? (Mest til Berit)


Ja, så kom regnet og det var på tide å ta fram spøtet att. No har eg leita heile vogna etter oppskrifta, men den er og blir vekke. Den ligg nok i bosset ein eller annan stad i Norge eller Sverige. Så her sit eg med ein halvferdig gensar. Har nokon ute i verda denn oppskrifta frå Gjesdal. Fargane stemmer ikkje. Der eg har mørk grå skal vere raud. Her skal og vere eit glidelås. Fargane elles er svart, kvit og grå(grønt og lilla har eg dikta sjølv).

2 kommentarer:

Unknown sa...

Eg tykkjer du skal improvisere. Hiv inn litt rosa og litt knallgrønt og lag ditt eige mønster på det som er igjen.

Og om ingen vil gå med den, så kan du lodde den ut på bloggen din, eg lovar å by ein heil del pengar.
passar den til meg?

Aud Marit sa...

Det passar då ikkje med noko knallfargar no kjære du. Nei diverre det er storleik 2 år.

Etiketter