måndag 30. juli 2007

Regntung dag


På ein slik tung regnfyllt dag, passar det vel godt at halve utsikta mi mot mot sentrum er dekka av grøne tunellar. Her må det tydelegvis ryddast.Men idag er det ikkje så nøye med. Slentrar rundt i heimen aleine. Thor Kristian er på Norway Cup og bles i dommarfløyta si. Idag skal han dømme nokre brasilianske gutar som er kjende for sitt lynne. Får no krysse fingarane.Stine er i Førde. Espen på jobb og så skal han på blåtur i dette "veret". Gledar seg sånn passe. SÅ her styrer eg skuta og kosar meg, gjer litt no og då. Tv og data for meg sjølv. Idag er det finalen i Ungkaren som eg får nyte utan kommentarar. Litt scrapppingplanar har eg og. Så let it rain, no pain.

6 kommentarer:

Unknown sa...

dette ser bra ut! Anne har tenkt å kome bort å sjå ilag med deg!

Vi kom til Villabakken for eit kvarter sidan!

No skal vi ete middag!

Hilsen Ålesunderane

Aud Marit sa...

Ja, tenkte eg det ikkje. Ja her skal pris Borghese få bryne seg på fiffige kommentarar. OH MY GOOD seier no eg og halve Amerika.

Aud Marit sa...

ikkje pris men PRINS.

Unknown sa...

Har ankommet Villabakken og spist ein god middag. Anne har tenkt seg bort og sjå i kveld ilag med deg!!

Hilsen Ålesunderaneh

Unknown sa...

Dei ankom Villabakken, og har ete middag, og Anne kjem bort og ser i kveld med deg!!! Har du forstått det no???

Aud Marit sa...

Eg har forstått det heile tida eg.

Etiketter