Då var helga omme.Det har lukta svidde dekk og spengde motorar i bygda i samband med amcar livet. No ser eg at "flotellet" fer ut Gulenfjorden. Då er det lite merke etter helga anna enn bremsespor her og der.
Elles er ferien begynnt for studentane i huset. Begge skal ha sommarjobb på Elkem. Vi andre "voksne"skal ut i verda på ferie med vogna vår i år og. Espen skal arbeide ut neste veke så er vi klar. Vi ventar sjølvsagt på pent ver.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar