Det må seiast at her var det lagt ned eit enormt arbeid. Regnet hølja ned, men festen var der den var planlagt. Vi troppa opp i fullt oljehyre og ullkle.Først skulle det slutte å regne kl 19.00, så 22.00 så til slutt 00.00 jmf yr.no. Det siste var rett.Då kom den fine sommarnatta til sin rett,og vi kunne bevege oss utanfor telta og kring leirbålet. Den flotte granbaren vart ikkje opne før då, dette bilde er teke klokka 04.00 på natta.Elles fekk dei tre karane ei verdig feiring.Dei vart til og med velsigna av paven med fylgje i ein imponerande sermoni. Dei kom køyrande til festen i ein flott doning sett i stand for anledninga.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar