I helga var vi på Kalvåg kystfestival. Det var eit sydande folke og båtliv.Vi budde på Novelandet i hytta til Varpes. Fredag var eg på Vassendgutane. Det var kjendtfolk over alt og såleis veldig moro. Laurdag var det masse folk i sentrum av Kalvåg. Det var reine Svinesundstemning på butikken. Espen stod i kø med handlevogna, medan vi andre plukka varene. Smart trekk! Om kvelden reiste vi tidleg til Knuteholmen.Der sprang betjeninga som nokre virvelvindar. Frysaren var om lag tom, så menyen var fiskesuppe og calzeone.Det vart eit lett val for all ”ungdomen” som rava ikring der. Vi hadde heldigvis grilla før vi kom. På festivalområdet var det roleg fram til ca 00.00 då entra DDE scena og det vart RAI- RAI i sommarnatta. Det vart veldig mykje rai rai utover til det brått var slutt.Det var ikkje mykje rai rai neste dag, men det kostar vel å feste to dagar på rad, og blir vel fort gløymt.
De finn bilder frå festen
her og
her.Elles legg eg ut bilder teke av mobilen av båtlivet teke frå Nødsetbua. Legg merke til panoramabilete, var no litt søtt sidan eg bomma på tredje bilde, men eg er ikkje feilfri, og sikkert ikkje heilt stødig på handa av ein eller anna grunn.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar