søndag 27. juli 2008

Så var ferien slutt!

Når vergudane slår til med ein så fantastisk ver som denne helga, er det berre å applaudere.I vogna var det over 30 grader, så der var uleveleg ut på dagen. Det hadde vore fint å hatt ei solseng å slengt seg nedpå, men den var det andre som tydeleg hadde som bruk for og. Den er i alle fall vekk. Så finn nokon ei dukdalf solseng(blå)i buskene vil eg gjerne ha den att. Frekke folk irriterer meg.Det var uråd å sitje oppe med vognene så vi la oss på "holmen" før fjorden flødde opp. Det var tydlegvis nok for baksida av kroppen var i ein såkalla griserosa farge. Solfator 10 var ikkje nok nei.Det var ikkje noko kjekt å skulle sitje om kvelden, men hypping smørjing med Aloe Vera hjelpte på. SÅ søndagen vart ein sitje i skyggen dag,og gje kroppen høve til å restituere seg.No er vi komen heim og Espen skal på arbeid i mårå, eg har ei veke å puste på enno.Hadde berre den vonde armen min teke ferie og.

Ingen kommentarer:

Etiketter