Etter at vi hadde plasset mannfolka trygt på ein kafe, med aviser og kaffi, fekk vi frie "taumar".
Det starta bra, men med vanndrivande tabelett innabords blir det litt stress. Eg bestemte derfor å slå meg ned meg mennene. Skulle kjøpe meg noko MEN KOR VAR LOMMEBOKA????
Sist eg hadde sett den var på do, etter å ha betalt avgifta.Skulle ta heisen opp igjen i 4 etasje men det skulle heile familien jalla og, med sine 8-10 barn. Så eg begynte å springe opp rulletrappene. Godt "pesa"kom eg opp til doen, men der var ingen lommebok. Like stressa måtte eg springe ned igjen i informasjonen, og sjekke om dei hadde fått lommeboka mi inn der. Men neida. Hjertepumpa kokte, og lettare fortvila måtte eg fylle ut tapt skjema. "Har du sperra korta dine?". Den hyggelege jenta ringde sperre visa telefonen. Kva kort har du, sa ho? Eg fekk ikkje ramsa opp alle sidan det var Visa ho var mest interessert i. Medan eg stod og prata i telefonen KOM DET EI DAME MED:: JA GJETT LOMMEBOKA MI: HO HADDE FUNNE DEN PÅ DO. Eg slo armane rundt ho og innrømmer at tårene kom. Det er berre så utruleg, at meir flaks enn det skal ein leite lenger etter. Etterpå sette eg meg ned i ein skinnstol, og datt helt ihop. Det vart ikkje meir handel på meg.Om kvelden var vi på Halvdan Sivertsen. Søndagen berre luffa vi rundt i fineveret. Reiste frå eit flott solskinn i Oslo, og kom til ein regn og vindfull Florøby. Vi rista og svinga oss godt før vi landa, men vi kom oss trygt heim. Nyt bildet av lommeboka mi, det kan hende eg treng dykkar hjelp om den skulle forsvinne igjen. Eller eg trur historia sette ein støkk i meg.

6 kommentarer:
Kjetting, Aud! Kjetting!!!!!!
Jammen eg har no fin skulderveske.
Kjetting og skinn?! Eg får bilde i hauda!!!!
Jau, det kan vel gå. I OSlo var det ikkje ei sjel som hadde regagert på meg i kjetting og skinn, eg hadde gåt inn i rekka av snålingar.
stigen sier ingen kommentar B i B!!
Ka ej he sagt om vanndrivande når du skal på bytur!!!!!!!
Legg inn en kommentar