søndag 26. oktober 2008

Ulrik,avsluttning og vinterlagring.

Så kom helga som skulle bli avslutninga på sesongen 2008. Den vart meir spennande enn vi sette pris på. Det omlag plaska ned med regn.Vi rigga oss til på grillen laurdagskvelden med presseningar, diverse lys og varme, og tørr "møreved" på peisen. Pizzaen og "raudbrusen" smakte godt. Vi vart noko uroa uover kvelden pga stormfloa. Den nådde lenger opp enn vi ynskte. Dei som ikkje hadde sjøstøvlar eller stylter tapte kampen.Sjølv vart eg ståande inne i vogna med "hav" på alle sider og måtte hentast med bil. Etterkvart auka vinden på og ting begynte å skje kring oss.Telt knakk, vogner datt av støttene. Leveggar datt over.Kortslutningar. Grillplassen vart etter kvart ikkje ein trygg stad å opphalde seg. Det var berre å rømme inn i vognene, og bite tenna saman og håpe at dette skulle gå bra.
DÅ, var det godt å vete at søndag skulle vogna i hus, og vi slepp å sitje heime og otte oss når neste storm melder sin ankomst. Vi takkar for i år!!



Glade gutter! Godt jobba!
























1 kommentar:

Anonym sa...

OLALA!!! KJEKT OGSÅ VA D ;)
Spenning i kvardagen. Og dei som har ødelagt sommartelt no......synes eg ikkje synd på. Som man reder, ligger man.
Plass 31

Etiketter