fredag 29. mai 2009

Pinse, camping, tour de Nordfjord

Vi er no kome på plass i Bukta. Espen tok den sprekaste varianten og sykla, Svelgen- Isane- Nordfj.eid- Lote-Sandane. Var ikkje så sprek når han gjekk av sykkelen, men ein flott prestasjon. Campingen er full av pinsevener,som alltid i pinsa. Vi har mange vener vi og i pinsa, men det er vist noko anna. Det luktar grill og tennveske langt utom grensene her. Først er det vel mat, så kjem kanskje pinsenissen?

Vi seier GOD PINSE TIL ALLE SOM ER INNOM! Deg, og deg og du og ja.

Måndag skal eg møte på SSF, operasjon på ONsdag så de får ha tolmod om det ikkje kjem nytt blogginnlegg på ei stund. Skal rekke å ynskje dykk God jul.
Sånn ser ein mann ut etter å ha sykla 7 mil.

1 kommentar:

Anonym sa...

han e ikkje verst Espen nei som tek Tour de Nordfjord. Kanskje vi skal satse på det neste år? Vi har vel gjennomført Tour de Bremanger i dag. hadde motvind frå Skatstraumstunnelen og heilt i Smørhamn. Kjende at vi hadde både lår og leggja som skethusveggja då ja. No skal vi kvile resten av pinsa kan du tru:)

Etiketter