laurdag 8. august 2009

Bryllaup nr 2.

Då var vi komt heim, og snart ferdig med feriekjensla for i år. Stine skal flytte til Bergen for å studere ved UIB(sosiologi). Vi skal køyre ho nedover på Måndag. Det skal vel handlast litt og. Blir ikkje så lei det. Thor Kristian er traust mot sognebygda og tek eit nytt år ved HISF.(det sjette).
I dag skal vi i bryllaup igjen denne gang til Tore og Aud Marit. Veret kunne vore betre, men når ikkje Tore klarer å gjere noko med det så er det vel ikkje så mange som kan. Finkleda heng klar og flagget er kome opp. De får ha ei fortreffeleg helg alle i hop.

1 kommentar:

stigensi sa...

Ganske imponerande med seks år ved HISF, og ikkje minst e eg spent på ka han blir når han blir stor;o)!!!

Etiketter