Det er visst ei stund sidan eg har skrive her inne. Kunne ha lagt inn eit bilete frå den fantastiske 50 års feiringa av Svelgen Skule sist helg, men det er gamalt nytt. Så det let eg vere. Sist helg var det og Kulturnnatt med aktivietetar til langt på natt. Det starta med stort innrykk av barn og ungdom på Coop som skulle sikre seg "niste" til kinopremieren Jul i Blåfjell. Etterpå kunne dei som ville delta på eventyrstund på biblioteket. Den som skulle stå for lesing var meg. Eg tenkte: Men eit stort inntak av sukkerhaldig medisin og ein fin film ville det sikkert bli ein nedtur å komme og høyre på ein "gamal" pedagog. Det gjekk veldig bra, borna var flinke å sitje i ro og lytte. Det vart lagt inn dialogar undervegs og det hjelper på. Det var einskilde foreldre som anten var stum av begreistring eller utsletne etter ei veke på arbeid. Sat som nokre lys og lytta intenst.
Elles går dagane til arbeid og samhold kring tunge dagar. Tida er på lån, og det tek på. Det er lite vi kan gjere med det, anna enn å hjelpe til så godt vi kan.
I helga skal eg og Espen på reis til Oslobygda. Han er i skrivande stund kome fram til hotellet, medan eg skal reise i mårå ettermiddag. Vi vonar vi får ei fin og roleg helg saman.
Vi ynskjer alle ei fin helg og veke.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar