Det var desse to (Vetle og Johann) som var mest ivrige saman med tante og mora. Dei andre kom snikande når hjortetakklukta tok til å virke. Det gjekk nokre smaksprøvebrett. Det må nok bakast meir ja. Men ikkje idag. Ikkje nok med dette, så har vel eit titals krabbar havna i panna på Mallakjøkenet. Er vel ikkje mange som deltek på renskinga tenkjer eg. Men krabbe til julefrukosten MÅ vi ha. Eg oppdaga at kameraet sto på feil innstilling når eg skulle legge inn bileta. Bildestabilisatoren hadde ikkje stått på, men vi orka ikkje lage ny dei og starte på nytt.De får berre oversjå kvaliteten på bileta, men eg er ikkje nøgd.


2 kommentarer:
Kven bryr seg om bilde kvalitet når objekta er så sjarmerande ?
Eg er sikker på at julemannane også er av ypperste kvalitet :)
Vi tar gjerne imot besøk på campingen. Ta med kakemenn !!! Det er det beste som finnes :-)Jeg kan evt bytte bort noen Toro-vafler. De er laget med kjærlighet og omtanke ! he-he
Legg inn en kommentar