Det er ikkje det at det er lite å skrive om, men dagane fyk.Sidan sist har Espen vore i Korea,det kjem nokre bileter frå den turen snart. Han er no komen inn i dagsryma igjen. Forrige helg var vi i Bergen. Det vart ein "kort" stogg på Ikea som vanleg. Vi inlosjerte oss på vårt vanleg hotell. Laurdag vart det gode høve for handlings.Dagens høgdepunkt vart likevel showet til Marit Voldsæter. Den dama er ikkje sann, er balsam for sjela og får skrotten i godt humør. Når vi kom ut var det full snøstorm så det vart å setje seg på hotellrommet og nyte.........Søndag var det heldigvis eit strålande "køyreheimver".
Elles er vi vel ein smule lei snøen som ser ut til å pine oss lenge . På laurdag baska vi oss oppetter skogsvegen for å nyte sola, vi kom oss på 1 benk. Nedover gjekk det fort på glatte fjellsko.
Har fått laga nokre kort i det siste. Nokre er bestillingskort som eg vel å ikkje legge ut her, nokre andre kan de få sjå.
No er glasfiberhuset vårt til sjampingvogna vårt no produsert og sett på lager. Skal berre bli kvitt denne forb.... snøen og setje i gang å bygge ny ramme m.m. Så kjem vel huset opp ein gong når våren kjem.
Ha ei fin veke.

solgt

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar