søndag 21. februar 2010

Sjampingssjekk

Vi tok oss ein rask tur til Sandane for å sjekke vogna som har stått ute i vinter. Vi sleit noko for å få opp døra, men det gjekk bra til slutt. Vi sette på varmen og handla nytt skiutstyr til meg. Nye fjellsko vart det og gitt. Så hadde barkern flytta inn i nye større lokale, og det var blitt fint der. Så har dei no så mykje steikjande godt i diskane og då.
Rune står på, her er den nye leiligheita si framgang.


Desse vognene skrik etter aktivitet og vår.

Vi køyrde via Hyen heim. Her møtte vi ein hjortefamilie? med to vaksne og 3 barn. Den eine hjorten ville leike gjømsel, men vi såg den nok. Hehe

"Ja vel. så fann de meg då."
NO gidd vi ikkje meir, så stakk alle til skogs igjen. Vi køyrde heim, og let dei få fred.

Ingen kommentarer:

Etiketter