torsdag 1. april 2010

Påskemodus

Vi er på plass i Bukta og sjampingvogna. Dagen starta ikkje tidleg, sov leeeenge og sein frukost. Slik skal det vere når ein har ferie. Etterpå starta prosjektet: Rive platning for å setje opp hus.
Med oppladda drillar starta kampen mot faste skruar og spikrar. Etter ei tid kom ein på om ein sparte seg mykje arbeid med å selge platningen til dei nye naboane i vest som kjem. Dei manglar platning som passar akkurat. Jau slik vart det. Det er berre at då må vi "spøte" ny. Men, men det går fint. Vi rydda opp og tok turer til Vetlevatnet. Vi var spente på om det var snø. Det gjekk sånn akkurat sidan Espen hadde joggesko.
1,2,3 vi er i gang!

Ingen kommentarer:

Etiketter