søndag 18. april 2010

Telthusbygging på sjampingen

Helga vart brukt til bursdagsfeiring og husteltbygging. Vi starta tidleg laurdag morgen i 9 tida og holdt på til ca 20.30. Vi var utruleg heldige med veret. Regnet kom i 14 tida men då var taket kome på. Deretter vart det både sulige regnbyer, vind og sol. Vinden var ikkje verre enn av det gjekk fint med resten av arbeidet og.
KLAR, FERDIG, BYGG!




I pausen vart det kaker og kaffi med tilbehør på kjøkenet.


Søndag var det påan igjen med resten av bjelkane i taket, tette hol her og der.Så var helga slutt og telthuset er ferdig utvendig og delvis inne. Neste helg skal treverket inne beisast slik at vi ikkje treng vere redd for golvet. Så går det slag i slag med legging av golv, møblering og så ...................

Ingen kommentarer:

Etiketter