Etter Norrköping var det på tide å sjå seg heimover. Men først var det ein obligatorisk stogg i Lidköping. Det er ein fin campingplass, så her vart vi verande i to dagar. Dersom de lurer på om vi var hjå Husvagn Svensson, så er svaret ja. Det vart ikkje dei store kjøpa, men det er kjekt å "sjå". Vi køyrde vidare og skulle passere Svinesund.Det gjorde vi saman med omlag 10 000 andre,dei skulle og på Nordby kjøpesenter slik som oss. Heldigvis var det parkeringsvakter som fekk losa oss på plass. Etter to timars handel var neste mål Hønefoss.Vi hadde tenkt å overnatte på Onsakervika Camping. Det var ein stor skuffelse. For det første fann vi ikkje resepsjon, og for det andre så var det så vått der at grillane var på vandring.Vi forsvann fort til neste som var Elvenga Camping.Det er greit at det kan regne, men det som kom frå himmlen når vi skulle setje frå oss vognene var ein foss.Blaute som nokre kråker fekk vi på varme, og tørre kle.Dagen etter vart det varmare og varmare dess nærmare vi kom heimfylket. I Lærdal var det 23 grader. Endeleg kom vi fram til Gloppen Camping,og kunne rygge vognene på plass. Etter at vi fekk tørka markise og veggar,sette vi opp storeteltet. Så tok vi oss ein tur heim,og sjekka post og ungdomane våre.

Elvenga camping

Plass 34/ Gloppen Camping

Om kvelden fekk vi sjå eit kjend motiv.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar