onsdag 23. juli 2008

Her er vi igjen

Det vart ikkje oppdatering kvar dag nei.Høgrearmen min toler ikkje data kvar dag, den er enno ikkje særleg mykje betre. No er vi heime i Svelgen, for å komme meg til legen igjen.

Vi var ei veke i Ørebro før vi reiste vidare til Norrköping og Kolmården.Her fekk vi plass utan "el", men det fekk gå for ei natt. Vi fekk noko dårleg tid i dyreparken, sidan vi "drøla"om morgonen før vi kom oss av garde.Men noko fekk vi no sjå. Det var utrueg dårleg merka så vi gjekk i ring? og leita etter Marine World, og der delfinshowet skulle vere. Vi lukkast til slutt, dei 45 min vi stod i kø gjekk fort etter all leitinga. Sidan det var siste show for dagen var det rikeleg med folk.Då var vi glad vi stod rimeleg langt framme. Når dørene opna seg var det som ein bisverm, der ungar hang som ein strikk etter foreldra for ikkje å komme vekk frå kvarande.Her var det om å gjere å finne den beste plassen. Vi var nøgde med våre, midt på er "konge". Godt å ha store airbagar og armslag i slike høve.Det var eit fint show, men diverre var det noko mørkt inne. (her skulle det tydlegvis selgast cd etterpå?)Av alle ting så hadde eg gløymt Canon apparatet, men K850i fekk halde.Eg tok mest film frå showet, den driv eg å redigerer så den kjem seinare.Elles legg eg ut nokre bilde av dyr som passar mitt lynne. First Camp Kolmården

First Camp Kolmården


Ingen kommentarer:

Etiketter