Då var alle på plass i heimen, og vi kosar oss med påskeferie alle. Det blir litt meir enn hybelmat for å styrkje studentane sin energi resten av skuleåret.Så i går laga eg ei stor panne med komle.Det kom godt med for inn døra kom Annette med famile minus den største bukkene bruse. Om kvelden lokka Stine meg med på spinning.Jau eg holdt trøandeut i 50 min ,før uttøyingane. Det var ikkje så verst med tanke på alderen og kondisen for tida.Trudde komlene hadde komt opp ei stund, men seig fint ned igjen.
Elles ligg skodda tjukk nedetter fjellsidene idag, så er det med godt samvit at ein finn pc og skriv nokre ord til eksamensoppgåva. Rett nok med pauseinnslag der ein er innom scrapping.no, facebook og nyhendesidene. Har tenkt å lage nokre kort, og fortsetje arbeidet med Londonalbumet.
YNSKJER ALLE EI FIN PÅSKE. PÅSKEHAREN KJEM TIL ALLE SOM HAR VORE SNILLE.
torsdag 9. april 2009
søndag 5. april 2009
Påskemodus
Ja, då har vi fått kyllingar og høne utav øskjene, og spredd dei rundt i huset. Påska kan vel då komme. Vi har nokre arbeidsdagar i neste veke før påskeklokkene ringer inn. Ungdomane kjem heim, og ynksjer vel "normal" mat i nokre dagar. Det blir til at vi held oss heime denne påska. Det er litt skulearbeid som ligg og gneg og ventar. Det er merkjeleg. Når eg set seg inn på hobbyrommet for å skrive nokre ord , så ligg det nokre ark og skrik etter å bli laga kort av. Det har ikkje vore den store produksjonen denne veka, men her kjem 3 stykker.
solgt
begge solgt
Elles får de ha ei fin helg.
solgt
begge solgtElles får de ha ei fin helg.
laurdag 28. mars 2009
Ny helg igjen!!
solgtDette er både gamalt og nyhende, men skitt la gå. Nokre saknar oppdatering så då får de få det då!!Forrige helg dvs fredag 20.mars rulla vi inn på Gloppen Camping etter vinterlagring med sjampingvogna. Då stod "paparatzi" fotografane klar. Dei stod nok å kika etter oss.(berre sjå kortet)
Vi vart blogga ja, og eg har "lånt" desse bilda av fotografen og eigaren av bilda.(Rune Ripe innje frå Ålfota).

Det har seg slik at eg skal utvide setifikatat mitt til BE. Dvs bil med hengar, slik at eg har lov å køyre vogna eg og. Den største og hardaste "kneikjen" er rygging. Eg kan ikkje belage meg på berre sånn "køyr rett fram" opplegg. Så då skulle eg rygge vogna på plass då. Som de ser står konsulentane med nevane i lommen. NEI DÅ!,for all del ikkje vink meg på plass.Eg berre seie : få dykk ein golfball. Etter ein del fram og tilbake vart sjefen fornøgd berre for å sleppe å betale ny klutch.
Og no i helga er vi på Sandane igjen. I går var vi på Russerevyen "Inni vår hage". Stine var i nokre roller. Veit nok kor ho har sine dramadugleikar frå. "Oh my god, assa". Idag er det faktisk eit grisever med sludd og skit. Trur nokon må ha bomma sidan vi skal skru klokka mot sommartid.
I veka som gjekk fekk eg bestilling på nokre kaptein sabeltannkort, eller kabelsatan som Espen seier.To kan eg legge ut, det tredje er med på kortkonkuransse ,og kan ikkje leggast ut før tysdag.
begge er solgte søndag 15. mars 2009
Ny helg!
Ting tek tid, men no er våren er på veg.Hestehoven blomstrar i oppkjørselen vår. Forrige helg må seiast å vere av kulturell art. Om det er så mykje kultur å svirre rundt på Ikea kan gjerne diskuterast.Men IKJE ta den diskusjonen med Espen. Han er glad han kjem seg ut døra på den sjappa.Bilen vart rimeleg full, så eg måtte sitje med beina oppunder haka på heimvegen.Å ha korte bein vart lukka denn gangen. Fredagskvelden var vi på Mongolsk restaurant(den ligg bak Hotell Norge) og kan anbefalast.Laurdagen var vi på Vinskvetten som ikkje gjorde kvelden dårleg.Elles var det ikkje råd å vandre ute pga sur vind og regn. Søndag var Espen på ordinasjon. Det vart litt oppstyr på hotellet når kongen skulle ut. Stengde vegar, heisar, raud løpar m.m. Eg pleier å ha mobilen med som standard kroppsdel, men ikkje akkuart då. Så eg får leve på minnet.Elles driv eg no å ryddar hobbyrom. Men før det vart det nokre kort.
solgt
Solgt
solgt
Solgtfredag 6. mars 2009
Bergenhelg!
No set eg faktisk på Hotel Noreg i Bergen.Etter ei hard handletørn på Ikea var det godt å komme fram. Ein god middag på mongolsk restaurant, datt vi ihop.Men vi må lade batteria til nye sprell mårå. Då skal vi på Vinskvetten. Søndag skal Espen oppleve å ordinerere den nye biskopen i Bjørgvin.Då er det middag med kongen. Ja fint skal det vere, eg får heller at meg ei pølse med brød på Narvesen. Sender helsingar til deg som er innom med eit rocabillykort og vanleg bursdagkort. GOD HELG!!!


tysdag 3. mars 2009
måndag 2. mars 2009
Då passerete eg 60 kort i år.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Etiketter
- Scrapperier (97)
- Sandane (70)
- Turar (60)
- Heime (59)
- Familie (43)
- Snikksnakk (32)
- Ferien 2007 (25)
- Ferien 2009 (13)
- FERIEN 2008 (4)
- Ferien 2010 (2)
- Prahaturen juni 2010 (2)








