Idag var eg på min første fisketur på kaia på Indrehus. Makrelen er komen! Eg må i alle fall ha ny sene på fiskestanga. Helst 0.50.Først ein stor lyr som diverre søm rundt med ein sluk i kjeften. Han reiv den rett og slett snøret av. Så kom det ein ny samme sorten. Den lurte eg inn til lands, men den glapp når eg skulle hive den på land. ÆSJ, eg treng ein hov!!!

Elles er det ein del byggesjau i huset. Vi har no flytta takluka ut i gangen.Vips så måtte vi til med nytt tak og, det kom på plass idag. No startar arbeidet med å rive bad og vaskerom. DUGNAD ? Eg held kaffi og sveler.
Men så får eg noko tid til overs etter kl 24.00, så her kjem to nye kort i gamaldagsstilen.
4 kommentarer:
Fiska du "LYS"??!!
Det skulle nok vere lyr, men så sneik det seg inn ein "skriveleif".
Du skulle vore med Steinar og meg på fisketur igår. 8 STORE lyr og 2 små. Då måtte vi berre slutte enda så moro det var. Så i morgon skal vi lage fiskwkaker. Samme ka Rune meiner om den saken.
Det var flottegreier. Eg har ikkje kjøpt nytt snøre enno, men det lyt skje snart. Eg skal berre få unna ein munnleg eksamen i IKT først. Rune har ikkje alltid det rette svaret, dessutan er du jo eldst.
Legg inn en kommentar