torsdag 19. juni 2008

Tannlege, fisk og snaps

Dagens gjeremål var å køyre Espen til flyplassen, samt at eg hadde tannlegetime kl 10.00. Det må vere første gang eg ikkje har lagt lenge våken, og sete nervøs på venterommet. Ei hyggjeleg dame til tannlege er ikkje å forakte.Fort og greit inn og ut, berre nokre 100 lappar fattigare. Eksamen i Ikt gjekk VELDIG bra eg passar alltid på å kjøpe ein gåve til meg sjølv etterpå(når ingen andre gjer det, så blir det slik). I år passa det fint med medlemstilbodet på Coop.

Komplett pakke til all slags fiske. Inneholder: 9 fot stang, tupp for pilkestang, stor snelle med sene, sluklåser, jighoder og jighaler for slukfiske, torskehekle og pilk. Sjå her .

På veg heim skreik stanga etter å få prøvast. Så ein tur ned på kaia på Indrehus i lett regn utan den forbaska myggen. Då eg skulle dra ein liten makrell opp, stod det plutseleg ein tyskar der og sa: " ein schøne Makrelen". Jada, eg kom fram til at han kunne få den på min lite imponerande tysk Det var kona einig i. (at dei ville ha fisken altså) Han spurte om det var ein fin fiskeplass og litt meir, eg svara så godt at dei vart verande.Dei henta utstyr i bobilen. OG høyr her. Dei kom tilbake med ein liten pakke. WAS IS DAS? Eine snaps, og jammen låg det ikkje ein lita klunkeflaske. Det var bytte mot makrellen!!PS korken var segla!.Då eg fekk opp ein stor makrell som dei omtala som "Große", fekk dei sjølvsagt den og. No fekk dei stå for fiskinga sjølv for eg vart "müde" og køyrde heim.

8 kommentarer:

Anonym sa...

Eg kan skrive under på at din "tysk" e imponerande!!!!!

Anonym sa...

du blir ikkje enkel å ha med å gjøre på gopperock i år du då:)LN

Aud Marit sa...

TIL LN: Eg blir lett å ha med å gjere på Glopperock, for der er eg ikkje.Når det gjeld den andre avtalen vi har, vil eg ikkje uttale meg om stoda etter kl 00.00.

Aud Marit sa...

Til stigen si: No "tulte" du godt!!

Anonym sa...

Stigensi getullen und AudMarit gefullen....mit schnaps :o)

Anonym sa...

Ei slik stang har eg og spandert på meg. No gjennstår å få prøvd den. Begynner på ferie den 30, då blir det kanskje? mallemor

Aud Marit sa...

Helen, eg har aldri blitt "gefullen" på schnaps, det kan du "nicht gemeinen".

Anonym sa...

Møglich das ist was. Aber das rimen so gut.Ich bin eine persfogel :o)

Etiketter