Eg kom betre ut enn Høgskulen.Eg plukka datamaskina mi utav veska før eg reiste til Florø.Det burde eg ikkje ha gjort. Eg hadde det viktigaste med meg: MINNEPENNEN.No har eg office 2007 på mi maskin og alt arbeidet var såleis i dette formatet og.MEN maskina eg fekk tilgang til på eksamen hadde ikkje dette.Kva skjer då? Jau. akkurat det gjekk ikkje å opne dokumenta. ER DET MULIG Å BOMME PÅ DETTE PÅ EIN IKT EKSAMEN HISF?
Tydelegvis.
Måtte såleis ta det meste munnleg utan å syne prsentasjonen, og vise produkta frå heimesida.Så eg vart redda og forventar ein høg karakter, utan at det tekniske skal dra meg ned. Då blir det hett på telefonlinja til Høgskulen skal eg love dykk. Men er godtruande på at dette slepp eg.Det vil vise seg. Om kvelden fekk eg ei overasking på trappa mi.Ei ekte eksamenskake frå Rita R. min favoritt som er Napoleonskake. 4 stykker er jo egentleg nok til ein heil familie. Javel ,det siste stykke vart ein prøvelse ,men... Det er berre å sende gode takkar uti Breivika. 

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar