søndag 3. mai 2009

Buktaliv


Usj, er visst ikkje flink å oppdatere denne bloggen, men det har alltid ein grunn. Det har vore ein travel periode etter påske. Vi har vore mykje på reis i ulike retningar av landet begge to.Eksamenoppgåva mi vart levert 1. mai kl 14.58.Så no er det berre munnleg som gjenstår.Det har blitt lite scrappetid og, men masse sal og det er no bra då.Har laga sånn ca 30 konfirmasjonkort, så det skal bli godt å få ei pause frå dei.Denne helga er vi på Sandane i vogna.Vi har fått opp storteltet, og held på å plukke fram interiøret som er plassert både her og der. Det kjem seg vel.Sommaren er lang så vi skal nok få orden på det. Espen og Stig er blitt drevne på å setje opp telt, så det gjekk fort. Fluffy var direkte imponert. Ikkje ein einaste konsulent tilstades var det heller. Jau, rett nok to damer i sin beste alder som hadde kvalitetstid i kvilestolane som moralsk støtte. Veret kunne vore betre, men vi har no campingpelsen liggande. Då er det heim til ny arbeidsveke med nye moglegheiter.


Ingen kommentarer:

Etiketter