tysdag 28. juli 2009

Ny dag, nytt fylke

Idag har vi køyrd frå Flekkefjord til Haugesund på Nordsjøvegen.Det vil sei at vi fekk sjå hav store delar av turen, Frå å telje bedehus på Sørlandet kom vi til Jæren og antal kyr og steingardar.

Frå veien , vest for Åna Sira, såg vi denne steinfyllingsdammen. den var 100m høg,
Helleren i Jøssingfjorden var buplass i steinalderen. 100 m lang, 15 m djup og 30 m under taket.Spor etter fleire, men desse to husa er intakt.

Stigninga opp frå Jøssingfjorden, opp der skal vi.
Nesten oppe med utsikten.
Utsikten vestover Jøssingfjorden. Det var her det tyske hjelpfartyet Altmark vart borda av britisk jagar i 1940.
Ferjeoverfarten Mortavika- Arsvågen. Her går gassferjer. I fylgje Tom tom med ein fart på 33 km/t.

Kårstø. Snap shot frå bilvinduet i fart.

Så kom vi til Haugesund


Vi enda opp på Grindafjord camping http://www.grindafjord.no/. Denne plassen vart kåra til årets Topp camp i 2008.
Grasplenen var så våt så vi står på grus, veldig greit.
Badeanlegget
Vi nærmar oss Hordaland og så Sogn og Fjordane etter snart 3 veker på hjul i sardinboksen vår.
Kor vi ligg i mårå kveld?, vi veit men ikkje de. Endå. Vi bloggast!

1 kommentar:

Anonym sa...

kjekt å lese og sjå litt om ferieturen dykkar! det høyrest spanande ut! køyr forsiktig...og god ferie framover!
klem
bjørn og stein

Etiketter