Det nærmar seg ferie. Mangt har vore usikkert i år om vi skulle på vegen med vogna. Men no ser det ut som all otte vi hadde på førehand skulle være løyst. Så tek vi dag for dag og vonar helsa held. Etter ein flott periode med sydentemperaturar varslar det regn kommande veke. Vi ynskte såleis å ta ned teltet i tørr tilstand. Så det var berre å setje i gang. Det er heller ikkje så verst når naboen er full av energi, og er flink å hjelpe til. Då gjekk det fort og greit. Takk for hjelpa igjen! Lukke til på ferietur austover til dykk. Hels Lustrakongen og fam.


Då var det reisemarkisa snart på plass. Då måtte fotograf og konsulent 2 hjelpe.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar