onsdag 27. mai 2009

Konfirmasjon vest i havet

På laurdag var vi i konfirmasjonen til Per Magne. Her er konfirmanten saman med mora som er søstra mi.

Elles hadde eg gode hjelparar som tok bilete. Kasper og Teodor var veldig flinke. Barn er flinke å ta bilde. Det er alltid like overraskande og spennande kva fokus dei har hatt. Alle barn burde hatt sitt eige digitale kamera!

Kasper og Teodor klare til oppdrag.
Her kjem biletserien deira:
Maria kom fram då!
Fine stolar!
"Litt" av bygda Flatraket.
Her var det "nåken" vi kjende!
Kvit fin skjorte!
Eg er fem år!
Nokre finn linsa uansett!

"Litt" av kakebordet
Steikje fine stolbein!
Denne såg god ut!
Dette var jammen slitsomt! Takk for idag.

1 kommentar:

Helen sa...

Det var ein knakande god serie av bilete. JA, gje ungane eit digitalt fotoapparat!!

Etiketter