Sidan vi held på å male her i huset, er det noko uleveleg å vere innomhus. Idag tok vi siste strøket så då er det eit håp.Har før og etter bilde men de får de vente med til eigaren har sett rommet "LIVE" først.Men kan sei at det ikkje er lilla lenger. Idag tok vi turen til Årebrot, vi hadde med Jonna og Tryggve og. Det vil sei to fiskarar og to antifiskarar. For sjølvsagt var fiskestengene med.

Venterommet på kaia, plastblomar i bedet er praktisk


Det vart ein liten lyr til Tryggve, men den fekk leve og bli større
Sjeldan å sjå Frøysjøen så stille

Nordbotten

Her held fire Nederlandske familiar
på å etablere seg

Ein av gravrøysene i Botnane